The Fireman | |||
Youth og Paul McCartney | |||
Opphav | England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1993 | ||
Sjanger | Rock, ambient, electronica, psykedelisk rock, eksperimentell rock | ||
Plateselskap | Hydra/EMI Records (Storbritannia) Capitol/EMI Records (USA) One Little Indian (Storbritannia) ATO Records/MPL (USA) MapleMusic Recordings (Canada) |
The Fireman er ein elektronisk musikk-duo som består av Paul McCartney og Youth skipa tidleg i 1990-åra. Musikalsk varierer dei frå rock til electronica og dei har tidvis vore aktive dei siste 25 åra og gjeve ut tre album. Sjølv om dei var offisielt anonyme fram til 2008 med utgjevinga av Electric Arguments,[1] har dei to medlemmane vore kjende for ålmenta sidan kort tid etter det første albumet i 1993.[2]
I 1993 gav The Fireman ut det første albumet sitt, Strawberries Oceans Ships Forest, og følgde opp med Rushes i 1998. I 2000 tok Youth òg del i det likande McCartney-prosjejktet Liverpool Sound Collage. Det nyaste albumet deira er Electric Arguments (2008).