The Honeydrippers | |||
Opphav | England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1981–1985 | ||
Sjanger | Rock | ||
Tilknytte artistar | Led Zeppelin Chic The Yardbirds The Firm The Jeff Beck Group Page and Plant The Stray Cats The Brian Setzer Orchestra | ||
Plateselskap | Es Paranza/Atlantic Records | ||
Tidlegare medlemmer | Robert Plant Jimmy Page Jeff Beck Robbie Blunt Brian Setzer Andy Silvester Wayne Terry Jim Hickman Kevin O'Neill Keith(Bev)Smith Ricky Cool Keith Evans Paul Shaffer Nile Rodgers |
The Honeydrippers var eit rockeband i 1980-åra. Tidlegare Led Zeppelin-vokalist Robert Plant danna gruppa i 1981 for såele R&B-musikk. Det oppstod i Worcestershire, og bandet reiste til USA for å spele inn ein EP. I tillegg til Plant spelte tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, Jeff Beck (tidlegare Yardbirds-medlem som Page) og andre vener og kjende musikarar. Dei heldt ein konsert i Keele University i 1981. Dei gav berre ut ein einaste EP, The Honeydrippers: Volume One i november 1984.
The Honeydrippers nådde 3. plassen på Billboard Hot 100 med ein versjon av Phil Phillips-songen «Sea of Love». Med suksessen EPen gav dei, sa Plant at det ville kome eit fullt album, men det vart aldri noko av. Bandet spelte på Saturday Night Live den 15. desember 1984, der dei spelte «Rockin' at Midnight» og «Santa Claus is Back in Town.». Med seg hadde dei då Brian Setzer på gitar og Paul Shaffer på piano.
Den 23. desember 2006 spelte Robert Plant på eit støtteshow i Kidderminster Town Hall som The Return of the Honeydrippers for å få inn pengar for naboen Jackie Jennings, som fekk behandling for hjernesvulst.[1]
Etter at Plant i 2006 spelte på Montreux Jazz Festival til ære for Ahmet Ertegün, vart det diskutert eit nytt Honeydrippers-album for 2007, men då Ertegün døydde har Plant sagt at dette er lite truleg.