The Idiot Studioalbum av Iggy Pop | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. mars 1977 | |
Innspelt | Juli – august 1976 | |
Studio | Château d'Hérouville (Hérouville i Frankrike) Musicland Studios (München i Tyskland) Hansa Studio 1 (Berlin i Tyskland) | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:49 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | David Bowie | |
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
The Idiot | Lust for Life (1977) | |
Singlar frå The Idiot | ||
|
The Idiot er debutalbumet til rockesongaren Iggy Pop som soloartist. Det var det første av to album han gav ut i 1977 og som han skreiv og spelte inn i samarbeid med David Bowie. Sjølv om det kom ut etter Low, det første albumet i den såkalla Berlintriologien til Bowie, byrja paret å skrive og spele inn songar for The Idiot midtvegs i 1976, før Bowie starta arbeidet med sine eigne album. Bowie gav òg ut to album i 1977, som var eit særs fruktbart år for han. Slik sett er det The Idiot som uoffisielt starta Berlin-perioden til Bowie,[4] og er særleg samanlikna med Low og "Heroes" med sine elektroniske effektar, handsama instrumentlydar og innadvendte atmosfære.[5][6] Det var eit steg til sides frå hardrocken til det tidlegare bandet til Pop, The Stooges, og vert av kritikarane rekna som noko av det beste Pop har gjort, men generelt ikkje som særleg representativt for karrieren hans. Tittelen var inspirert av Dostojevskij-romanen Idioten.[7]