News Letter | |||
![]() | |||
Formelt fullt namn er The Belfast News Letter | |||
Land | Storbritannia[1] | ||
---|---|---|---|
Type | Avis[1] | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1737 | ||
Eigarar | Johnston Publishing (NI), holdingselskap for Johnston Press | ||
Redaktør(ar) | Alastair Bushe | ||
Språk | Engelsk | ||
Politisk posisjon | Nord-irsk unionisme/Britisk unionisme | ||
Nettstad | http://www.belfasttoday.net/ (engelsk) |
The News Letter er den eldste engelskspråklege avisa i verda, og har kome ut i Belfast i Nord-Irland sidan 1737.[2][3] Då avisa vart til gjekk ho under namnet The Belfast News-Letter and General Advertiser, og kom ut på tysdagar og fredagar.[4] Seinare kom utviding til tre utgjevingar i veka, og frå 1855 har News Letter vore dagsavis.
Grunnleggjaren Francis Joy (1697-1790) åtte frå før ein papirfabrikk.[5] Den fremste lokale konkurrenten er i dag den unionsvenlege avisa Belfast Telegraph. Fram til 1963 då den unionistiske Belfast-avisa Northern Whig gjekk inn,[6] var ogso denne avisa ein konkurrent for News Letter. Den moderat nasjonalistiske Irish News tevlar med News Letter i opplagstal, men i mindre grad om lesarar på grunn av at avislesarar i Belfast i høg grad er ideologisk segmentert i bustadområde som stort sett er totalt dominerte av anten irsk unionisme eller irsk nasjonalisme. I dei seinare åra har opplagstalet for News Letter falle, og gjennomsnittsopplaget for perioden juli til desember 2018, var 12 499.[7]
News Letter har hovudkontor i Donegall Square i Belfast sentrum. Før delinga av Irland hadde avisa ei viss spreiing over heile Irland. Avisa publiserer og for andre utgjevarar, til dømes for Ulster-Scots Agency (The Ulster-Scot). Historiske utgåver av News letter heilt attende frå 1828 er tilgjengelege for digitale søk og lesing frå British Newspaper Archive.[8]