The Present Studioalbum av The Moody Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. august 1983 (Storbritannia) 2. september 1983 (USA) | |
Innspelt | 8. mars 1982 – 10. desember 1982 | |
Studio | Strawberry Studios i South London | |
Sjanger | Kunstrock, synthpop, new wave | |
Lengd | 41:47 | |
Selskap | Threshold | |
Produsent | Pip Williams | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
Long Distance Voyager (1981) |
The Present | Voices in the Sky: The Best of The Moody Blues (1984)
|
Singlar frå The Present | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Present er det ellevte albumet til The Moody Blues, gjeve ut i 1983. Det er det andre albumet i Patrick Moraz-perioden. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet i USA, «Blue World» (62. plassen) , «Sitting at the Wheel» (27. plassen) og «Running Water».
Rekkjefølgja på songane var slik at Justin Hayward songane kom i byrjinga og Ray Thomas sine mot slutten, fordi Hayward sine songar hadde vore meir populære på det førre albumet, Long Distance Voyager.
Albumet vart eit av dei alle første albuma som vart gjeve ut på CD-formatet. I november 2008 vart albumet gjeve ut på ny med to bonusspor.
Plateomslaget er ei etterlikning av Maxfield Parrish-måleriet Daybreak.