The Sweet Samlealbum av Sweet | ||
Utgjeve | Juli 1973 | |
Innspelt | 1971-1973 | |
Sjanger | Glamrock,[1] power pop[2] | |
Lengd | 30:28 | |
Selskap | Bell | |
Produsent | Phil Wainman | |
Sweet-kronologi | ||
---|---|---|
The Sweet's Biggest Hits (1972) |
The Sweet | Sweet Fanny Adams (1974)
|
Singlar frå The Sweet | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Christgau's Record Guide | B-[3] |
The Sweet er eit samlealbum gjeve ut som debutalbumet til Sweet i USA og Canada, i staden for det britiske albumet Funny How Sweet Co-Co Can Be frå 1971. Det andre studioalbumet deira, Sweet Fanny Adams, kom heller ikkje ut i USA, men songar frå dette og det tredje albumet deira, Desolation Boulevard, vart kombinert til ein amerikansk versjon av albumet.
Dette albumet bestod hovudsakleg av singlar og B-sider gjevne ut i Storbritannia og Europa i 1972 og 1973. Ein av singlane, «Little Willy», var den første og største hitten til Sweet i USA. Singlane «Wig-Wam Bam», «Hell Raiser» og «Block Buster» var òg på albumet. Albumet selde ikkje godt og nådde berre 191. plassen på Billboard 200.