The Twist Singel av Chubby Checker frå albumet Twist with Chubby Checker | ||
B-side |
«Toot» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1960 | |
Innspelt | 1960 | |
Sjanger | Rock and roll, pop | |
Lengd | 2:34 | |
Selskap | Parkway 811 | |
Komponist | Hank Ballard | |
Tekstforfattar | Hank Ballard | |
Låtskrivar(ar) | Hank Ballard | |
Produsent | Dave Appell | |
Chubby Checker-kronologi | ||
«Dancing Dinosaur» (1960) |
The Twist | «The Hucklebuck» (1960)
|
«The Twist» er ein USA-amerikansk popsong skriven og opphavleg gjeven ut tidleg i 1959 av Hank Ballard and The Midnighters som B-side til «Teardrops on Your Letter».[1] Ballard si utgåve vart ein liten hit i 1960 og nådde 28. plassen på Billboard Hot 100.
Chubby Checker sin versjon frå 1960 var opphavet til Twistmanien. Singelen hans vart ein kjempehit. Han nådde toppen av Billboard Hot 100 den 19. september 1960, der han låg ei veke. Etter å ha forsvunne ut av lista sette han rekord som den einaste songen i historia til Billboard som gjekk inn att på lista og så nådde toppen igjen, i to veker i januar 1962.[2]
I 1988 vart «The Twist» igjen populær i ei ny innspeling av The Fat Boys med Chubby Checker. Denne versjonen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og gjekk heilt til topps i Tyskland. I 2014 kåra Billboard songen til den største hitten frå 1960-åra.[3]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BB2014