The Alan Parsons Project

The Alan Parsons Project

Alan Parsons Live Project, juni 1998.
OpphavLondon, England
Aktiv1975–1990
Sjanger
InstrumentEMS VCS 3
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerAlan Parsons
Eric Woolfson

The Alan Parsons Project var eit britisk rockeband som var aktivt frå 1975 til 1990,[1] og som bestod av ein kjerne av Alan Parsons og Eric Woolfson. Gruppa hadde med seg ei rekkje forskjellige studiomusikarar og somme relativt faste bandmedlemmar som gitaristen Ian Bairnson, arrangøren Andrew Powell, bassisten og vokalisten David Paton, trommeslagaren Stuart Elliott og vokalistane Lenny Zakatek og Chris Rainbow. Parsons var lydteknikar av yrke, men òg musikar og komponist. Woolfson var låtskrivar, pianist og songar. Nesten alle songane deira er tilskrivne «Woolfson/Parsons».

The Alan Parsons Project gav ut 11 studioalbum i løpet av den 15 år lange karrieren. Eit tolvte The Sicilian Defence var opphavleg spelt inn i 1979, men kom ut i 2014. Dei meir kjende albuma til gruppa var I Robot og Eye in the Sky. Some av dei mest kjende songane deira er «The Raven», «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether», «I Wouldn't Want to Be Like You», «Games People Play», «Time», «Snake Eyes», «Sirius»/«Eye in the Sky», «Old and Wise» og «Don't Answer Me».

  1. «Alan Parsons – Bio FAQ Discography». Alanparsonsmusic.com. Arkivert frå originalen 12. desember 2009. Henta 27. mars 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne