The Band

The Band

Bob Dylan and The Band på turne i Chicago i 1974. Frå venstre til høgre: Danko, Robertson, Dylan og Helm.
AliasLevon and the Hawks
Canadian Squires
OpphavToronto i Canada
Aktiv1964–1976, 1983–1999
SjangerRock, country, rootsrock, americana, bluesrock
Tilknytte artistarRonnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, John Simon, Allen Toussaint
PlateselskapCapitol, Rhino, Warner Bros.
Tidlegare medlemmerLevon Helm
Garth Hudson
Rick Danko
Robbie Robertson
Richard Manuel
Stan Szelest
Jim Weider
Randy Ciarlante
Richard Bell
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Canadian Music Hall of Fame, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Canada’s Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame, Grammy Hall of Fame Award

The Band var eit kritikarrost og viktig rockeband. Den originale gruppa bestod av kanadiarane Rick Danko (bassgitar, kontrabass, fele, trombone, vokal), Garth Hudson (klaverinstrument, saksofon, trompet), Richard Manuel (piano, trommer, barytonsaksofon, vokal), Robbie Robertson (gitar) og amerikanaren Levon Helm (trommer, mandolin, gitar, vokal). Alle fem medlemmene var kjende musikarar kvar for seg.

Medlemmene i The Band kom først i lag då dei vart med i bandet til rockabillyartisten Ronnie Hawkins som The Hawks, ein etter ein mellom 1958 og 1963. Då dei forlét Hawkins i 1964, var dei ei kort stund kjend som The Levon Helm Sextet med saksofonisten Jerry Penfound som den sjette medlemmen, så Levon and the Hawks etter at Penfound forlet bandet. I 1965 gav dei ut ein singel på Ware Records under namnet Canadian Squires, men gjekk attende til Levon and the Hawks for ei innspeling for Atco seinare i 1965.[1] Om lag på same tid hyrte Bob Dylan Helm og Robertson inn for to konsertar, og så heile bandet for den amerikanske turneen hans i 1965 og verdsturneen i 1966.[2] Dei vart òg med han på dei uformelle innspelingane som seinare vart The Basement Tapes.

Fordi dei alltid vart kjend som «bandet» eller «the band» for forskjellige frontmenn, så sa Helm at «The Band» fungerte bra som eit namn for gruppa[3] og forlét Saugerties i New York for å spele inn sine eigne songar. Dei spelte inn dei mest kritkarroste albuma sine seint i 1960-åra: Debutplata Music from Big Pink frå 1968 (med singelen «The Weight») og The Band i 1969. I 2004 vart «The Weight» rangert som den 41. beste songen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[4]

The Band vart oppløyst i 1976, men kom saman att i 1983 utan gitaristen Robbie Robertson. Sjølv om The Band alltid har vore meir populære hos musikkritikarane og hos andre musikarar enn hos det generelle publikum, har dei alltid vorte sett opp til og vore eit viktig band. Gruppa vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1989[5] og Rock and Roll Hall of Fame i 1994.[6] I 2004 rangerte Rolling Stone dei på 50. plass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene,[7] og i 2008 fekk dei Grammyprisen Lifetime Achievement Award (ein ærespris).[8]

  1. Gray, 33 og 37
  2. Heylin, Clinton (2003). Behind the Shades Revisited. New York: HarperCollins. s. 223–260. ISBN 0-06-052569-X. 
  3. Hoskyns, Barney (1993). Across the Great Divide - The Band and America. Hyperion. s. 144–5. ISBN 1562828363. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 16. april 2007. Henta 21. januar 2011. 
  5. «Canadian Music Hall of Fame: Past Inductees». Canadian Academy of Recording Arts And Sciences (CARAS). Arkivert frå originalen 30. desember 2010. Henta 22. januar 2011. 
  6. «Inductee List». Rock and Roll Hall of Fame. Henta 22. januar 2011. 
  7. Williams, Lucinda (15. april 2004). «The Immortals - The Greatest Artists of All Time: 50) The Band». Issue 946. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. desember 2008. Henta 22. januar 2011. 
  8. «Lifetime Achievement Award». Grammy.com. Henta 22. januar 2011. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne