The Beach Boys | |||
Konsert med The Beach Boys i 2008 | |||
Alias | Carl And The Passions | ||
---|---|---|---|
Opphav | Hawthorne i California i USA | ||
Aktiv | 1961–til i dag | ||
Sjanger | Surfpop, psykedelisk rock, psykedelisk pop, barokkpop | ||
Tilknytte artistar | Kenny & The Cadets The Survivors Jan and Dean Glen Campbell Charles Manson The Flames The Fat Boys The Beatles | ||
Plateselskap | Capitol, Brother, Reprise, Caribou, X Records, Ariola, Columbia | ||
Medlemmer | Al Jardine Bruce Johnston Mike Love Brian Wilson | ||
Tidlegare medlemmer | Carl Wilson Dennis Wilson David Marks Ricky Fataar Blondie Chaplin Glen Campbell | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, California Hall of Fame, Grammy Hall of Fame Award, American Music Award of Merit, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
The Beach Boys er eit amerikansk rockeband. Det vart starta i 1961 og vart kjende for dei tette vokalharmoniane og tekstar om ungdomskulturen med bilar og surfing i Sør-California. Dei kreative ambisjonane til Brian Wilson omforma seinare bandet til ei meir kunstnarisk innovativ gruppe som vart hylla av musikkritikarane og som påverka mange musikarar i ettertid.[1]
Gruppa bestod i starten av musikaren, songaren og låtskrivaren Brian Wilson, brørne hans, Carl og Dennis, syskenbarnet Mike Love og venen Al Jardine. Denne kvintetten, i lag med David Marks og seinare Bruce Johnston, vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988. The Beach Boys har ofte vorte kalla «America's Band»[2][3][4] og Allmusic.com har uttalt at «den usvikelege dugleiken til bandet gjorde dei til det første og beste rockebandet i USA».[1] Gruppa har hatt 36 hittar på Topp 40 i USA (flest av alle amerikanske rockeband) og 56 inne på Hot 100-lista, inkludert fire førsteplassar.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte The Beach Boys på 12. plass på lista deira over dei 100 største gruppene gjennom tidene.[5] I følgje Billboard er The Beach Boys det bestseljande amerikanske bandet nokon gong ut frå sal av singlar og album.[6]
Bandet har fleire gonger endra musikalsk stil og besetning, først og fremst på grunn av sinnslidinga og narkotikabruken til Brian Wilson, som gjorde at han trekte seg frå gruppa, samt dødsfalla til Dennis Wilson i 1983 og Carl Wilson i 1998. Det har òg vore mange rettstridar mellom medlemmene i gruppa. Etter at Carl Wilson døydde vart Al Jardine drive bort av Mike Love. Dei overlevande medlemmene i The Beach Boys heldt fram å turnere som tre band: The Beach Boys med Love, Johnston og forskjellige støttemusikarar, Al Jardine's Endless Summer Band og Brian Wilson med eit band som består av The Wondermints og gitaristen og songaren Jeff Foskett, som lenge spelte med The Beach Boys.[7] Love vann retten til namnet «The Beach Boys» etter ein omgang i retten.[4]