The Black Rider

The Black Rider
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve 2. november 1993
Innspelt 1989 og 1993
Sjanger Kabaret
Blues
Avant-garde
Folkemusikk
Lengd 56:08
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
The Early Years, Volume Two
(1993)
The Black Rider Mule Variations
(1999)


The Black Rider er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1993Island Records. Albumet inneheld studioversjonar av songar Waits skreiv for musikalen med same namn, regissert av Robert Wilson og skriven i lag med William S. Burroughs. Musikalen er basert på eit tysk folkeeventyr kalla Der Freischütz, som tidlegare hadde vorte omgjort til ein opera av Carl Maria von Weber.

Albumet er kanskje det mest kabaret- og Kurt Weill-aktige Waits har gjeve ut til no, noko ein tydleg kan høyre på tittelsporet, som Waits syng med ein kraftig tysk aksent. Ein finn derimot og musikk som er meir prega av folkemusikk. «Russian Dance» er tradisjonell russisk folkemusikk. Kaizers Orchestra nytta denne songen som intromusikk på konsertane sine i 2006, og understrekte dermed det sterke bandet dei har til Tom Waits. Eit annan folkemusikkinspirert spor er «The Briar and the Rose» som er inspirert av keltisk folkemusikk. Niamh Parsons spelte i 1997 inn songen som ein tradisjonell keltisk ballade på albumet hennar Loosen Up.

Burroughs medverkar med vokal på «'T' Ain't No Sin».

The Black Rider hadde premiere 31. mars 1990 ved Thalia Theater i Hamburg i Tyskland. Den engelskspråklege utgåva hadde premiere i 1998 ved Edmonton International Fringe Festival.

Waits heldt fram samarbeidet med Wilson og dei lagde seinare musikalane Alice (1992) og Woyzeck (2000), og musikken til desse vart gjeve ut på henholdsvis Alice og Blood Money i 2002.

Kona til Waits, Kathleen Brennan, har måla eit av måleria i plateomslaget.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne