The Chieftains | |||
![]() The Chieftains på scenen i 2008 | |||
Opphav | Dublin i Irland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Tradisjonell irsk musikk Irsk folkemusikk Keltisk | ||
Tilknytte artistar | Ceoltóirí Chualann Carlos Núñez | ||
Plateselskap | Claddagh, Island, RCA | ||
Medlemmer | Paddy Moloney Kevin Conneff Matt Molloy | ||
Tidlegare medlemmer | Seán Potts Michael Tubridy David Fallon Martin Fay Peadar Mercier Seán Keane Derek Bell Ronnie McShane | ||
Prisar | Castelao-medaljen |
The Chieftains er eit tradisjonelt irsk band, skipa i Dublin i 1962 av Paddy Moloney, Sean Potts og Michael Tubridy. Stilen deira, som nesten er heilt instrumental, er hovudsakleg bygd opp kring irsk sekkepipe og har blitt synonymt med tradisjonell irsk musikk og dei vert rekna som ein av artistane som var med å gjere irsk musikk populær verda over.[1] Dei har vunne seks Grammyprisar gjennom karrieren og fekk ein ærespris på den prestisjetunge BBC Radio 2 Folk Awards i 2002. Somme musikkekspertar[2] har rekna The Chieftains som ansvarleg for å bringe tradisjonell irsk musikk ut i verda, i så stor grad at den irske regjeringa gav dei ærestittelen 'Dei musikalske ambassadørane til Irland' i 1989.[3]