The Concert in Central Park

The Concert in Central Park
Konsertalbum av Simon & Garfunkel
Språk engelsk
Utgjeve 16. februar 1982
Innspelt 19. september 1981
Sjanger Folkrock
Lengd 75:51
Selskap Warner Bros.
Produsent Paul Simon, Roy Halee, Phil Ramone
Kritikk

Allmusic 4.5/5 stars [1]

Simon & Garfunkel-kronologi 
Collected Works
(1981)
The Concert in Central Park Old Friends
(1997)


The Concert in Central Park er eit konsertalbum av Simon & Garfunkel. Den 19. september 1981 vart duoen gjenforeint for ein gratiskonsert i Central Park i New York med meir enn 500 000 menneske i publikum. Dei gjorde opptak av konserten og gav han ut på plate mars 1982. Konserten vart òg filma og sendt på HBO i 1982 og kom så ut på VHS, og seinare DVD.

I tillegg til hittane dei hadde spelt inn i lag, spelte dei fleire av solosongane til Simon frå 1970-åra.

Albumet nådde sjetteplassen i USA, men gjekk heilt til topps i fleire land, mellom anna Noreg og New Zealand.

  1. Allmusic Review
  2. Rolling Stone Review

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne