The Cure | |||
![]() The Cure på scena i 2007. | |||
Opphav | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1978– | ||
Sjanger | alternativ rock, gothic rock, post-punk, new wave | ||
Plateselskap | Fiction Records, Suretone Records, Geffen Records, Polydor Records, Elektra Records, Sire Records, Asylum Records | ||
Medlemmer | Robert Smith Simon Gallup | ||
Tidlegare medlemmer | Michael Dempsey Matthieu Hartley | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
The Cure er eit engelsk rockeband frå Crawley i West Sussex.[1] Det vart danna i 1978 og har hatt mange forskjellige medlemer gjennom åra. Den einaste som har vore med frå starten er gitarist, vokalist og låtskrivar Robert Smith.
Bandet har i tillegg til kommersiell suksess hatt stor påverknad innan alternativ rock, til dømes på band som Interpol og The Smashing Pumpkins.[2][3][4] I 2019 vart The Cure innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[5][6]