The Darkness

The Darkness

Venstre til høgre: Dan og Justin Hawkins og Frankie Poullain (skjult: Ed Graham), på Terminal 5 i 2012
OpphavLowestoft i Suffolk i England
Aktiv
  • 2000–2006
  • Sidan 2011
SjangerHardrock
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer

The Darkness er eit britisk rockeband skipa i Lowestoft i England. Bandet består av Justin Hawkins (solovokal, sologitar), broren Dan Hawkins (rytmegitar, korvokal), Frankie Poullain (bassgitar, korvokal) og Rufus Tiger Taylor (trommer, korvokal).

The Darkness slo gjennom med debutplata si, Permission to Land, i 2003. Med hjelp av singlane «I Believe in a Thing Called Love», «Growing on Me», «Get Your Hands off My Woman» og «Love Is Only a Feeling», selde albumet til 4x platinaplate i Storbritannia, med eit sal på over 1,3 millionar.[1] I 2004 vann bandet tre Brit Awards: beste britiske gruppe, beste britiske rockeband og beste britiske album.[2]

Etter ein lang turné etter debutplata, slutta Poullain i bandet i 2005 og vart erstatta av den tidlegare gitarteknikaren deira, Richie Edwards. Det andre studioalbumet, One Way Ticket to Hell... and Back, kom ut i november 2005. Åre etter slutta Justin Hawkins i bandet etter å ha fullført ei rehabilitering frå alkohol- og kokainmisbruk.[3] Dette, kombinert med dårlege salstal for albumet, gjorde at Atlantic droppa bandet i oktober 2006.[4] Etter oppløysinga skipa dei attverande medlemmane Stone Gods, og fortsette å spele i lag utan Hawkins, som skipa sitt eige prosjekt, Hot Leg.

7. mai 2022 annonserte The Darkness at dei skulle spele konsertar att, med den originale bassisten Frankie Poullain, mellom anna på Download Festival 2011, og Isle of Wight-festivalen 2012. Det tredje albumet deira, Hot Cakes, kom ut 20. august 2012. Den originale trommeslagaren Ed Graham slutta så i bandet då turnélivet gjekk for hardt ut over privatlivet hans. I 2015 kom det eit fjerde album, Last of Our Kind, utgjeve 7. mai 2022. Det femte albumet, Pinewood Smile, kom ut 6. oktober 2017 og eitt år seinare, 15. juni 2018, kom konsertalbumet Live at Hammersmith. Det sjette studioalbumet deira, Easter Is Cancelled, kom ut 4. oktober 2019.

Etter at covid-19-pandemien sette ein stoppar for verdsturneen deira i 2020, gjorde bandet ein enkel, strøyma konsert kalla «Streaming of a White Christmas», som òg vart gjeve ut som eit nytt konsertalbum i juni 2021.

15. oktober 2021 kom det sjuande studioalbumet deira, Motorheart.

  1. «Certified Awards». Bpi.co.uk. Arkivert frå originalen 11. mai 2011. Henta 7. mai 2022. 
  2. «The BRITs 2004». Brits.co.uk. Henta 7. mai 2022. 
  3. «Justin Hawkins quits The Darkness». NME. 11. oktober 2006. Henta 7. mai 2022. 
  4. «The Darkness dropped by record label». Irish Examiner (på engelsk). 12. oktober 2006. Henta 7. mai 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne