The Early Singles Samleplate av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1992 | |
Innspelt | 1967-1968 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 33:23 | |
Selskap | EMI (Europa), Columbia (USA) | |
Produsent | Norman Smith, Joe Boyd | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Delicate Sound of Thunder (1988) | The Early Singles | The Division Bell (1994)
|
The Early Singles er ei samleplate av Pink Floyd som berre er tilgjengeleg i plateboksen deira Shine On frå 1992. Det er ei samling av dei fem første singlane til bandet. Etter desse singlane gav ikkje Pink Floyd ut fleire singlar i heimlandet Storbritannia før 1979 og «Another Brick in the Wall, Part II».
Bortsett frå «Scarecrow», som var på The Piper at the Gates of Dawn (1967), og «Careful with that Axe, Eugene», som finst i ein konsertversjon på Ummagumma, er ikkje dei andre songane gjeve ut på studioalbum. Fleire spor har derimot dukka opp på tidlegare samleplater som Relics (1971) og Works (1983), men dette var første samlinga med alle singlane frå 1960-talet på ein stad.