The End Song av The Doors frå albumet The Doors | ||
Utgjeve | 4. januar 1967[1] | |
Innspelt | August 1966 | |
Sjanger | ||
Lengd | 11:41 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Ray Manzarek | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent |
«The End» er ein song av The Doors. Han vart opphavleg skriven av Jim Morrison som ein song om brotet med kjærasten Mary Werbelow.[6] Songen vart utvikla i løpet av månadane dei spelte han på Whisky a Go Go i Los Angeles til den nesten 12 minuttar lange versjonen på debutalbumet deira. Bandet spelte ofte songen som siste song på konsertane sine. Han vart først gjeven ut i januar 1967. Songen vart spelt inn live i studio utan ekstra lydspor i etterkant.[7]
«The End» vart rangert på 336. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Gitarsoloen i songen vart rangert som den 93. beste av Guitar World.[8]