The Freddie Mercury Tribute Concert for Aids Awareness var ein konsert halde 2. påskedag, 20. april 1992 på Wembley Stadium i London, føre eit publikum på 72 000.[1] Konserten vart produsert for fjernsyn av Ray Burdis og sendt direkte på fjernsyn og radio i 76 land verda over, for eit samla publikum på ein milliard.[2][3] Konserten var ei hyllest til Queen-vokalisten Freddie Mercury og inntektene gjekk til AIDS-forsking. Showet var den siste heile konserten bassisten John Deacon spelte med Queen (utanom to korte framføringa med Brian May, Roger Taylor og Elton John i 1997). Inntektene til konserten var med å starte The Mercury Phoenix Trust, ein veldedig AIDS-organisasjon.