The Game av Queen

The Game
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 30. juni 1980[1]
Innspelt Juni-juli 1979, februar-mai 1980
Studio Musicland Studios, München, Tyskland
Sjanger Rock
Lengd 35:39
Selskap EMI (Europe)
Parlophone (Europe)
Elektra (US)
Hollywood (US)
Produsent Queen, Mack
Queen-kronologi 
Jazz
(1978)
The Game Flash Gordon
(1980)
Singlar frå The Game
  1. «Crazy Little Thing Called Love»
    Utgjeve: 5. oktober 1979
  2. «Save Me»
    Utgjeve: 25. januar 1980
  3. «Play the Game»
    Utgjeve: 30. mai 1980
  4. «Another One Bites the Dust»
    Utgjeve: 22. august 1980
  5. «Need Your Loving Tonight»
    Utgjeve: November 1980

The Game er det åttande studioalbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut 30. juni 1980. Det var det einaste Queen-albumet som nådde toppen av albumlista i USA og var det bestseljande albumet deira i USA med fire millionar selde eksemplar så langt, like mykje som News of the World. Albumet fekk god kritikk. Kjende songar på albumet er mellom andre «Another One Bites the Dust» og rockabilly-låten «Crazy Little Thing Called Love», som begge nådde toppen av singellista i USA. The Game var det første albumet der Queen brukte synthesiser[2] (ein Oberheim OB-X).

The Game har ein noko anna stil og lyd enn føregangaren, Jazz. Queen fortsette i same stilen på det neste albumet, Hot Space, og framtidige Queen-album. Med ei lengd på 35 minutt 39 sekund er The Game det nest kortaste studioalbumet til Queen, med filmmusikkalbumet Flash Gordon som det kortaste.

«Crazy Little Thing Called Love», «Sail Away Sweet Sister», «Coming Soon» og «Save Me» vart spelte inn frå juni til juli 1979.[3] Resten av songane vart spelte inn mellom februar og mai 1980.[3]

  1. http://www.queenonline.com/en/the-band/discography/game/
  2. Baker, Theodore; Nicolas Slonimsky (1965). Baker's Biographical Dictionary of Musikars: Centennial Edition (5th utg.). Schirmer Books. ISBN 0028655257. «The album yielded ... 'Play the Game,' which featured the group's first use of the synthesizer...» 
  3. 3,0 3,1 «Queen – The Game (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. juli 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne