The Hitchhiker's Guide to the Galaxy er ein science fiction-komedieserie laga av Douglas Adams som debuterte som ein radioserie på BBC Radio 4 i 1978. Sidan det har serien vorte tilpassa andre format, som teater, ein bokserie på fem bøker publisert mellom 1979 og 1992, ein fjernsynsserie frå 1981, ein film frå 2001, eit dataspel og teikneseriar.