The Imperials

The Imperials

(v til h) Evans, Smith, Will og Morales
AliasJake Hess and the Imperials, The Classic Imperials
OpphavAtlanta i USA
Aktiv1964 til i dag
SjangerKristen, moderne kristen musikk, gospel, southern gospel
Tilknytte artistarAndrus, Blackwood and Company, Elvis Presley
PlateselskapHeart Warming, Impact, Myrrh, Lamon
PrisarGMA Dove Award for Group of the Year

The Imperials er ei USA-amerikansk kristen musikkgruppe som har vore aktive i over 50 år. Dei oppstod som ein southern gospel-kvartett, men den nyskapande gruppa vart pionerar innan moderne kristen musikk i 1960-åra. Det har vore mange byte av bandmedlemmar og musikkstil gjennom åra. Dei vann i alt fire Grammyprisar og vart innlemma i Gospel Music Hall of Fame.

Bandet vart starta av Jake Hess i 1963.[1] The Imperials spelte på fleire innspelingar med Elvis Presley i siste halvdelen av 1960-åra, mellom anna på How Great Thou Art.

I 1972 kom Sherman Andrus inn i gruppa, og dei vart den første kristne gruppa i USA med både kvite og svarte medlemmar.[2]

  1. http://sogospelnews.com/index/features/comments/117/ Southern Gospel News.com article Henta 4. desember 2016
  2. Williams, Bill (26. februar 1972). «1st Integrated Gospel Act». Billboard. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne