The Legend of Zelda: Breath of the Wild | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EPD[a] | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Hidemaro Fujibayashi | ||
Produsent(ar) | Eiji Aonuma | ||
Programmerar(ar) | Takuhiro Dohta Kenji Matsutani Hiroshi Umemiya | ||
Forfattar | Akihito Toda | ||
Komponist(ar) | Manaka Kataoka Yasuaki Iwata Hajime Wakai | ||
Serie | The Legend of Zelda | ||
Spelmotor | Havok | ||
Siste versjon | 1.6.0, 1.5.0 | ||
Plattform(er) | Nintendo Switch Wii U | ||
Utgjeving | 3. mars 2017 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Nettstad | https://www.zelda.com/breath-of-the-wild/, https://www.nintendo.co.jp/zelda/botw/ | ||
Del av serien The Legend of Zelda⠀ | |||
←The Legend of Zelda: Tri Force Heroes · The Legend of Zelda: Link's Awakening, The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom→ |
The Legend of Zelda: Breath of the Wild[b] er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo Switch og Wii U. Spelet er det nittande i The Legend of Zelda-serien og går føre seg på slutten av Zelda-tidslina. Spelaren kontrollerer Link, som vaknar etter å ha lege hundre år i dvale for å nedkjempa Calamity Ganon og atterreisa kongeriket Hyrule.
Til liks med det originale The Legend of Zelda frå 1986, får spelarar få føresegner og kan utforska spelverda fritt. Oppgåver femner innsamling av ulike emne og utstyr for å hjelpa med ulike mål som å løysa gåter og sideoppdrag. Verda i spelet er ustrukturert og designa for å oppmoda til utforsking og eksperimentering, og hovudoppdraget kan fullførast på ein ikkje-lineær måte.
Utviklinga av Breath of the Wild gjekk føre seg over fem år, etter responsar frå nokre fans som ønskte seg ei større spelverd å utforska. Nintendo freista å tenkja nytt i høve konvensjonane i serien, og introduserte element som ei open verd og ein detaljert fysikkmotor. Monolith Soft, som er kjend for sitt arbeid på Xenoblade Chronicles-serien, hjelpte til med å designa landskapa og topografien i spelet. Breath of the Wild hadde opphavleg planlagd utgjeving i 2015 som ein Wii U-eksklusiv tittel, men vart utsett to gonger. Det vart utgjeve 3. mars 2017, som ein lanseringstittel til Nintendo Switch og som det siste Nintendo-publiserte spelet til Wii U. To omgangar med nedlastbart innhald vart utgjevne i løpet av 2017 som del av ei betalt utvidingspakke for spelet.
Breath of the Wild fekk hyllester frå pressa for den frie strukturen og detaljnivået i spelverda. Kritikarar kalla det ein milepåle i open verd-design, sjølv om det fekk mild kritikk for korleis spelet yta under utgjevinga. Det vann fleire «Årets spel»-prisar og har sidan vorte rekna som eit av dei mest framståande dataspela gjennom tidene. Innan utgangen av 2021 hadde det selt over 26 millionar kopiar, som gjer det til eit av dei mestseljande dataspela noko sinne. Ein spin-off-tittel, Hyrule Warriors: Age of Calamity, vart utgjeven i 2020. Oppfølgjaren Tears of the Kingdom kom ut den 12. mai 2023.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne