The Loco-Motion Singel av Little Eva frå albumet Llllloco-Motion | ||
B-side |
«He Is the Boy» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1962 | |
Sjanger | Pop, rhythm and blues | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Dimension 1000 | |
Komponist | Carole King | |
Tekstforfattar | Gerry Goffin | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Goffin, Carole King | |
Produsent | Gerry Goffin | |
Little Eva-kronologi | ||
The Loco-Motion | «Keep Your Hands Off My Baby»
(1962)
|
«The Loco-Motion» er ein popsong frå 1962, skriven av dei amerikanske låtskrivarane Gerry Goffin og Carole King. «The Loco-Motion» vart opphavleg skriven for Dee Dee Sharp, men Sharp avviste songen.[1] Songen er kjend for å ha nådd topp 5 på den amerikanske singellista tre gonger - kvar gong i eit forskjellig tiår og framført av songar frå tre forskjellige kulturar: først den afroamerikanske popsongaren Little Eva i 1962 (1. plass);[2] så det amerikanske hardrockbandet Grand Funk Railroad i 1974 (1. plass);[3] og til slutt den australske songaren Kylie Minogue i 1988 (tredjeplassen).[4]
Songen er eit populært døme på dansesong-sjangeren der mykje av teksten går med på å skilde sjølve dansen, vanlegvis dansa som ein slags linjedans. Songen kom derimot før dansen.
«The Loco-Motion» var òg den andre songen i historia som nådde toppen av Billboard-lista i USA med to forskjellige artistar. Den første songen som klarte dette var «Go Away Little Girl», som òg var skriven av Goffin og King. I alt er det ni songar som har klart dette.[5]