The Marshall Tucker Band | |||
The Marshall Tucker Band i 2006 | |||
Opphav | Spartanburg i Sør-Carolina i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1972 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | Charlie Daniels, The Allman Brothers Band, Eric Quincy Tate, Lynyrd Skynyrd | ||
Plateselskap | Capricorn, Warner Bros., Mercury, Cabin Fever, Ramblin' | ||
Medlemmer | Doug Gray (originalt medlem) Marcus James Henderson Chris Hicks Rick Willis Tony Black B.B. Borden | ||
Tidlegare medlemmer | Jerry Eubanks (originalt medlem) Toy Caldwell (originalt medlem) (d. 1993) George McCorkle (originalt medlem) (d. 2007) Paul Riddle (originalt medlem) Tommy Caldwell (originalt medlem) (d. 1980) Franklin Wilkie Stuart Swanlund Andy Parks Rusty Milner Tim Lawter Ronnie Godfrey Bobby Ogdin Bob Wray James Stroud Tom Robb Ace Allen Don Cameron Frank Toler Mark Pettey Ronald Radford Todd Davis Paul Thompson Garry Guzzardo David Muse Clay Cook James Harold Brown Tony Heatherly Pat Elwood |
The Marshall Tucker Band er eit amerikansk rockeband frå Spartanburg i Sør-Carolina. Dei blanda blues, country og jazz inn i rockemusikken sin og var med på å etablere southern rock som sjanger tidleg i 1970-åra.[2] Sjølv om bandet nådde det kommersielle høgdepunktet sitt mot slutten av 1970-åra, har dei vore kontinuerleg aktive sidan dei starta i 1972.[2] Solovokalisten Doug Gray er det einaste originale medlemmet att i bandet.
Den originale besetninga frå 1972 bestod av solo- og steelgitaristen, vokalisten og låtskrivaren Toy Caldwell (1947–1993), solovokalisten Doug Gray (fødd 1948), klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Jerry Eubanks (fødd 1950), rytmegitaristen George McCorkle (1947–2007), trommeslagaren Paul Riddle (fødd 1953) og bassisten Tommy Caldwell (1949–1980). Dei signerte for Capricorn Records og gav ut det første albumet sitt i 1973, The Marshall Tucker Band.
Etter at Tommy Caldwell omkom i ei bilulukke i 1980, vart han erstatta av bassisten Franklin Wilkie. Dei fleste av dei originale medlemmane hadde slutta i bandet innan midten av 1980-åra for å driva med andre prosjekt.[3] Den noverande besetninga består av Gray på vokal, klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Marcus James Henderson, gitaristane Chris Hicks og Rick Willis, bassisten Tony Black og trommeslagaren B.B. Borden.[4]