The Misunderstood | |||
The Misunderstood i London – 1966 | |||
Opphav | Riverside i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1963–69, sporadisk etter det | ||
Sjanger | psykedelisk rock, bluesrock, garasjerock | ||
Tilknytte artistar | The Influence, Juicy Lucy, High Tide | ||
Plateselskap | Fontana (Storbritannia), Cherry Red (Storbritannia), Ugly Things (USA) | ||
Medlemmer | Rick Brown Glenn Ross Campbell Tony Hill Rick Moe Greg Treadway Steve Whiting George Phelps --1969 besetning-- Glenn Campbell Steve Hoard David O'List Chris Mercer Guy Evans Nic Potter Ray Owen |
The Misunderstood var eit psykedelisk rock-band frå Riverside i California i midten av 1960-åra. Bandet flytta til London tidleg i karrieren, og sjølv om dei berre spelte inn ein neve songar før dei vart oppløyste, vert dei rekna som særs viktig i den då gryande sjangeren.[1][2]
Magasinet Creem skreiv i september 2004: «Soga om The Misunderstood er ein av dei mest utrulege, hjarteskjerande og usannsynlege i heile rockehistoria.»
Classic Rock skreiv i juni 2010: «Sanninga er at dette bandet var så langt ute på eiga hand, så individuelle og nyskapande at du kan byrje å lure på omstenda som hindra dei frå bli det ikoniske namnet dei burde blitt.»[3]