The Next Day Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 2013 | |
Innspelt | Mai 2011 – februar 2013 | |
Studio | The Magic Shop, Human Worldwide på Manhattan i New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 53:17 | |
Selskap |
| |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
A Reality Tour (2010) |
The Next Day | Nothing Has Changed (2014) |
Studioalbum av David Bowie-kronologi | ||
Reality (2003) |
The Next Day | Blackstar (2016) |
Singlar frå The Next Day | ||
|
The Next Day er det 24. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 8. mars 2013 på selskapet hans ISO Records, med eksklusiv lisens til Columbia Records. Det vart samprodusert av Bowie og mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti og vart spelt inn i løyndom i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City mellom 2011 og 2013. Det er hovudsakleg eit rockealbum med element av kunstrock. Plateomslaget er ein tilpassa versjon av omslaget til “Heroes” frå 1977, med ein kvit firkant med albumtittelen som skjuler andletet hans. Albumet vart annonsert på 66. årsdagen til Bowie, 8. januar 2013.[1] Nettsida til Bowie vart oppdatert med ein video for singelen «Where Are We Now?», og singelen vart samstundes lagt ut for sal på iTunes Store.
Det var det første albumet til Bowie med nytt materiale på ti år, etter Reality i 2003, og overraska fans og media som hadde trudd at han hadde trekt seg attende frå musikkindustrien.[2] Heile albumet vart strøymd på iTunes dagar før den offisielle utgjevinga.[3] The Next Day Extra, var ein ekstra disk med ytterlegare fire spor og remiksar av songar frå det originale albumet, som kom ut i november.[4] The Next Day vart kritikarrost og var det første albumet til Bowie som gjekk til topps på den britiske albumlista sidan Black Tie White Noise i 1993.[5] Det vart rangert som det nest beste albumet i 2013 (likt med Blue October sitt Sway) av det tyske musikkmagasinet Kulturnews og vart nominert til Mercury-prisen i 2013.[6] Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste rockealbum og for årets britiske album under Brit Awards i 2014.
Albumet vart inkludert i 2014-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.