The Pretenders | |||
![]() The Pretenders live i Dubai i 2007. | |||
Opphav | London | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1978–1982, 1984–1987, 1990–2012, 2016– | ||
Sjanger | Rock, punkrock, new wave | ||
Plateselskap | Sire Records, Warner Bros. Records | ||
Medlemmer | Chrissie Hynde Nick Wilkinson Martin Chambers James Walbourne Eric Heywood Carwyn Ellis | ||
Tidlegare medlemmer | James Honeyman-Scott (†) Pete Farndon (†) Robbie McIntosh Malcolm Foster T. M. Stevens Blair Cunningham Bernie Worrell Johnny Marr Andy Rourke Andy Hobson Adam Seymour | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
The Pretenders er eit britisk-amerikansk rockeband danna i 1978 i London. Frontfiguren i gruppa er gitaristen og songaren Chrissie Hynde, som er det einaste medlemmet som har vore med sidan starten. Gruppa er kjend for hittar som «I'll Stand by You», «Don't Get Me Wrong» og «Brass in Pocket».
I tillegg til Hynde bestod den opphavlege gruppeanav James Honeyman-Scott (gitar), Pete Farndon (basgitar) og Martin Chambers (trommer). Honeyman-Scott og Farndon døydde i høvesvis 1982 og 1983, og Chambers forlét gruppa kort tid etter, men kom tilbake som medlem i 1994.
The Pretenders gav ut sitt første studioalbum i 1980. Det blei seld i over ein million kopiar i USA.
I 2005 blei gruppa innvald i Rock and Roll Hall of Fame.[1]