The Reincarnation of Benjamin Breeg Singel av Iron Maiden frå albumet A Matter of Life and Death | ||
B-side |
«Hallowed Be Thy Name» (CD) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. august 2006 | |
Innspelt | Sarm West Studios, London i 2006 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 7:21[1] | |
Selskap | Columbia Records, EMI Europe | |
Komponist | Dave Murray, Steve Harris | |
Tekstforfattar | Steve Harris, Dave Murray | |
Låtskrivar(ar) | Dave Murray, Steve Harris | |
Produsent | Kevin Shirley | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«The Trooper (Live)»
(2005) |
The Reincarnation of Benjamin Breeg | «Different World»
(2006)
|
«The Reincarnation of Benjamin Breeg» er ein song av Iron Maiden frå det 14. studioalbumet deira, A Matter of Life and Death. Songen er det første frå albumet, gjeve ut den 14. august 2006.
CD-singelen kom med B-sida «Hallowed Be Thy Name» frå BBC Radio 1 Legends Session. Den samla lengda til dei to songane gjorde at han ikkje kunne gå inn på den britiske singellista. Singelen vart òg gjeven ut på 10" klår vinyl, med BBC Sessions-versjonar av «The Trooper» og «Run to the Hills» på B-sida.[2]
Ein promoversjon av singelen kom ut 14. august 2006, med fullversjonen og ein kortare versjon kalla «forkorta versjon» i USA og «rock club mix» i Storbritannia (begge versjonane er identiske).
Den 17. juli 2006 vart det lasta opp ein musikkvideo av songen på den offisielle nettsida til bandet. Han var først berre tilgjengeleg for betalande medlemmar av nettsida, men vart lekka etter få minutt og sett av mange fans som posta øenkjer til forskjellige diskusjonsforum for Iron Maiden. Videoen syner bandet som spelar songen i studio i lag med bilete og videoklipp frå heile karrieren deira.
Gitarsoloen på «The Reincarnation of Benjamin Breeg» vert spelt av Dave Murray.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet liner