The Rip Chords | |||
Opphav | Inglewood i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1962–1965 | ||
Sjanger | pop, surferock | ||
Medlemmer | Ernie Bringas og Phil Stewart |
The Rip Chords var ei USA-amerikansk gruppe som bestod av Phil Stewart og Ernie Bringas.[1] Gruppa vart sidan utvida til fire stemmer, med Columbia-produsenten Terry Melcher og medprodusenten Bruce Johnston (mest kjend om medlem av The Beach Boys). Gruppa vart assosiert med hot-rod-retninga innan surfemusikken på den tida, sjølv om den første singelen deira, «Here I Stand», ikkje reflekterer denne stilen. Dei spelte inn musikk for Columbia Records i Hollywood frå 1962 til 1965. Gruppa fekk fem singlar inn på Billboard Hot 100. Dei er mest kjend for den fjerde singelen sin, «Hey Little Cobra».