The Rolling Stones No. 2 Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1965 | |
Innspelt | 10–11. juni 1964 Chess Studios, Chicago; 2. og 28–29. september 1964 Regent Sound Studios i London, Storbritannia; 2. november 1964 i RCA Studios i Hollywood; og 8. november 1964 Chess Studios, Chicago | |
Sjanger | ||
Lengd | 36:58 | |
Selskap | Decca | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Britisk The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
The Rolling Stones (1964) |
The Rolling Stones No. 2 | Out of Our Heads (1965)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Rolling Stones No. 2 er det andre britiske albumet til The Rolling Stones. Albumet er frå 1965 og som debutalbumet året før inneheld The Rolling Stones No. 2 stort sett coverversjonar av R&B-songar, i tillegg til tre songar av låtskrivarduoen Jagger/Richards.
Plateomslaget var det same som for 12 X 5, det andre amerikanske albumet til the Stones, som kom i oktober 1964, og dei fleste songane på The Rolling Stones No. 2 vart gjevne ut på det komande amerikanske albumet The Rolling Stones, Now!. Andrew Loog Oldham var produsent på albumet, som vart innspelt no og då i Storbritannia og USA i løpet av 1964.
Albumet vart ein stor hit i Storbritannia då det kom ut. Det låg 10 veker på førsteplass tidleg i 1965 og vart eit av dei bestseljande albuma i heimlandet dette året.