The Show Must Go On av Queen

The Show Must Go On
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
Språk engelsk
Utgjeve 14. oktober 1991
Innspelt 1990
Sjanger
Lengd 4:31
Selskap
Komponist John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor, Queen
Tekstforfattar John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Queen
Produsent
Queen-kronologi 
«These Are the Days of Our Lives»
(1991)
The Show Must Go On «Bohemian Rhapsody» / «These Are the Days of Our Lives»
(1991)


«The Show Must Go On» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut som den tolvte og siste sporet på albumet Innuendo i 1991. Songen var tilskriven heile Queen på plateomslaget, men vart i hovudsak skriven av Brian May. Songen omhandlar kampen til Freddie Mercury om å halde fram å spele musikk, trass i at han nærma seg slutten av livet. Han var dødssjuk av HIV/AIDS under innspelinga av albumet, men sjukdommen hans var ikkje annonsert offentleg, trass i store spekulasjonar i media om at han var alvorleg sjuk.[1] Mercury var så sjuk då bandet spelte inn songen i 1990, at May var uroa om han var fysisk i stand til å klare å syngje songen. May fortalte om då Mercury song inn songen: «Eg sa 'Fred, eg er ikkje sikker på om denne er mogeleg å syngje'. Og han sa 'I'll fucking do it, darling' — vodka ned — og så gjekk han inn og knuste til, og reiv heilt sund vokalen.»[2]

Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 14. oktober 1991 som marknadsføring av albumet Greatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Etter Mercury døydde den 24. november 1991 gjekk songen inn att på den britiske singellista og låg like mange veker på lista (fem) som han gjorde då han kom ut første gongen og nådde til slutt 16. plassen. Ein live-versjon med Elton John på vokal kom ut på Queen-albumet Greatest Hits III.

Songen vart først spelt live den 20. april 1992, under The Freddie Mercury Tribute Concert, framført av dei tre gjenverande medlemmane av Queen, med Elton John på solovokal og Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi på rytmegitar.[3] Han har sidan blitt spelt på konsertane til Queen + Paul Rodgers. Songen har sidan blitt spelt av fleire andre artistar.

  1. Donald A. Guarisco. Queen – The Show Must Go On Allmusic. Henta 23. mai 2011
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet RollingStone
  3. The Freddie Mercury Tribute Concert: The Show Must Go On Henta 26. juli 2016

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne