The Very Best Of Samlealbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. oktober 2003 | |
Innspelt | 1972-2003 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 140:48 | |
Selskap | Warner Strategic Marketing | |
Produsent | Glyn Johns, Bill Szymczyk, Eagles, Elliot Schiner and Rob Jacobs | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
Selected Works: 1972–1999 (2000) |
The Very Best Of | Eagles (2005)
|
The Very Best Of (gjeve ut som The Complete Greatest Hits i Storbritannia, Australia og New Zealand) er eit dobbelt samlealbum av Eagles som kom i 2003.[1]
Albumet inneheld spor frå dei to tidlegare samlealbuma til Eagles, (Their Greatest Hits (1971-1975) & Eagles Greatest Hits, Vol. 2), i tillegg til andre singlar som ikkje var med på dei to første samlingane, album spor og ein ny song, «Hole in the World».
The Very Best Of vart òg gjeven ut som ein avgrensa tre plater stor samling der den tredje plata var ein bonus-DVD med video for songen «Hole in the World» og eit klipp som syner filminga av videoen og «Backstage Pass to Farewell 1."
Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200 den 8. november 2003. Det låg 62 veker inne på lista og selde over tre millionar eksemplar i USA. I desember 2007 hadde albumet vore 325 veker på Irish Album Charts. I Storbritannia nådde albumet 27. plass på albumlista, men gjekk inn att på lista i 2006 då det nådde niandeplassen.