The Wall Studioalbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | Desember 1978 til november 1979 | |
Studio | Various
| |
Sjanger | ||
Lengd | 1:21:08 | |
Selskap | ||
Produsent | ||
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Animals (1977) |
The Wall | A Collection of Great Dance Songs (1981)
|
Singlar frå The Wall | ||
|
The Wall er det 11. studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 30. november 1979 på Harvest og Columbia Records. Det er ein rockeopera og utforskar soga om Pink, ei utsliten rockestjerne som etter kvart isolerer seg sjølv frå samfunnet bak ein symbolsk mur. Plata vart ein stor suksess og låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista og nådde tredjeplassen i Storbritannia. I 1982 vart det laga ei filmutgåve av soga med same namn, regissert av Alan Parker.
Ideen til The Wall fekk bassisten Roger Waters i 1977 under In The Flesh-turneen, og baserte soga på seg sjølv og den tidlegare bandkollegaen Syd Barrett. Innspelinga fann stad frå desember 1978 til november 1979. Produsenten Bob Ezrin hjelpte til på prosjektet og var med å dempe spenningane under innspelingane, då bandet sleit med personlege og økonomiske problem. The Wall er det siste albumet med Pink Floyd som ein kvartett. Klaverspelaren Richard Wright fekk sparken av Waters under produksjonen, men vart verande som betalt musikar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Another Brick in the Wall, Part 2» (den einaste førsteplassen deira i USA), «Run Like Hell» og «Comfortably Numb». Frå 1980 til 1981 framførte Pink Floyd heile albumet under ein turné som bestod av avanserte, teatralske effektar.
The Wall fekk i starten blanda kritikk hos kritikarane og somme av dei meinte det var oppblåst og pretensiøst. Det er sidan blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene, og eit av dei mest kjende konseptalbuma.[4] Det har selt meir enn 24 millionar eksemplar og er det nest mest selde i katalogen deira, og eit av dei mestselde albuma gjennom tidene. Somme unytta opptak frå innspelingane dukka seinare opp på det neste albumet deira, The Final Cut (1983). I 2003 rangerte Rolling Stone The Wall på 87. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Tidleg i 2010-åra drog Waters på ein ny Wall-turné som vart den mest innbringande turneen til ein soloartist.