The Who | |||
![]() The Who etter ein konsert i 1975. Frå venstre til høgre: Roger Daltrey, John Entwistle, Keith Moon og Pete Townshend. | |||
Opphav | Shepherd’s Bush, West London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1964–til i dag | ||
Sjanger | Rock, hardrock, poprock | ||
Plateselskap | Decca, Brunswick, Polydor, Track, MCA, Universal Republic, Warner Bros. | ||
Medlemmer | Pete Townshend Roger Daltrey | ||
Tidlegare medlemmer | John Entwistle Keith Moon Kenney Jones Doug Sandom | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
The Who er eit engelsk rockeband som vart starta i 1964. Besetninga bestod av gitarist Pete Townshend, vokalist Roger Daltrey, bassist John Entwistle og trommeslagar Keith Moon. Dei vart kjend for dei energiske konsertane sine.[1][2] Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990, det første året dei hadde høvet til dette.[3][4] I følgje New York Times har The Who selt over 100 millionar plater.[5]
The Who vart kjende i Storbritannia som dei første som øydela instrumenta sine på scenen og for ei rekkje Topp 10-singlar (mellom andre «My Generation») og Topp 5-album. Tommy frå 1965 var den første i ei rekkje album som nådde Topp 5 i USA, etterfølgd av Live at Leeds (1970), Who’s Next (1971), Quadrophenia (1973) og Who Are You (1978).
Moon døydde i 1978, og etter dette har bandet gjeve ut to studioalbum, Face Dances (1981) og It's Hard (1982) med trommeslagaren Kenney Jones, før dei gav seg i 1983. Dei kom saman igjen for hendingar som Live Aid og for ein gjenforeiningsturné i 1989 og Quadrophenia-turneen i 1996 og 1997. I 2000 vart det lagt planar om eit nytt studioalbum, men planane vart utsette då Entwistle døydde i 2002. Townshend og Daltrey gav seg ikkje med The Who, og i 2006 kom studioalbumet Endless Wire.