The X Factor Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. oktober 1995 | |
Innspelt | 1994 – august 1995 i Barnyard Studios i Essex i England | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 70:54[1] | |
Selskap | EMI CMC (Nord-Amerika) | |
Produsent | Steve Harris, Nigel Green | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
Fear of the Dark (1992) |
The X Factor | Virtual XI (1998) |
Singlar frå The X Factor | ||
|
The X Factor er det tiande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 2. oktober 1995 på EMI.[2] Det er det første albumet til bandet med Blaze Bayley, som tidlegare song i Wolfsbane, som vokalist. Han erstatta Bruce Dickinson som slutta etter den førre turneen deira for å fokusere på solokarrieren. Albumet har ein mørkare tone enn dei ni første albuma til gruppa. Tekstane er baserte på dei personlege problema til Steve Harris på den tida, i midten av ein skilsmisse.[3] Dette går att i plateomslaget, som grafisk syner maskoten til bandet Eddie som blir dissekert av ein maskin.[4]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet liner