The Yardbirds | |||
| |||
Opphav | London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1962–1968 1992–til i dag | ||
Sjanger | Bluesrock, rhythm and blues, hardrock, psykedelisk rock | ||
Plateselskap | Columbia, Capitol, Epic | ||
Medlemmer | Chris Dreja Ben King Jim McCarty | ||
Tidlegare medlemmer | Sjå detaljert liste under | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
The Yardbirds er eit engelsk rockeband som er kjend for å ha starta karrierane til tre av nokre av dei mest kjende gitaristane i rocken: Eric Clapton, Jeff Beck og Jimmy Page. Dei var først blues-baserte, men stilen deira utvikla seg etter kvart til eksperimentell rock. Dei hadde fleire hittar som «For Your Love», «Over, Under, Sideways, Down» og «Heart Full of Soul». Dei var eit særs viktig knutepunkt mellom britisk R&B og psykedelia.
The Yardbirds var pinoerar innan det meste av gitarnyvinningar i 60-åra: fuzz, feedback, forvrenging, baklengs ekko og betre forsterkarar. Dei var dei første som la vekt på komplekse sologitarparti og eksperiment.
Mesteparten av ideane til bandet, samt låtskrivinga, kom frå kvartetten som bestod av vokalist og munnspelar Keith Relf, trommeslagar Jim McCarty, rytmegitarist og bassist Chris Dreja og bassist og produsent Paul Samwell-Smith, som alle var medlåtskrivarar på dei originale hitsinglane i bandet, og som var kjernen i bandet. Det musikalske grunnlaget til bandet la òg grunnlaget for starten til Led Zeppelin, som vart danna av Jimmy Page etter han forlet the Yardbirds i 1968. The Yardbirds vart gjenforeint på 1990-talet, med McCarty, Dreja og nye medlemmer.