The Yellow Shark

The Yellow Shark
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve 2. november 1993
Innspelt 17–28. september 1992 ved Alte Oper i Frankfurt; Philharmonie i Berlin og Konzerthaus i Wien
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 72:02
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Ahead of Their Time
(1993)
The Yellow Shark Civilization Phaze III
(1994)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

The Yellow Shark er eit album med orkestermusikk av Frank Zappa, gjeve ut i 1993. Det består av konsertopptak frå Ensemble Modern sine framføringar av Zappa sine komposisjonar i 1992. Dette var det siste albumet Zappa gav ut før han døydde. I teksten til omslaget skriv Zappa at The Yellow Shark var eit av dei mest givande prosjekta i karrieren hans og den beste representasjonen av orkestermusikken hans.

Songaren Tom Waits har omtalt albumet som eit av favorittalbuma sine og sa: «Ensemblet er overveldande. Det er ei rik førestilling av tekstur i farge. Det er klårheit i hans perfekte galskap og meistring. Frank styrer med Elmore James til venstre og Stravinsky til høgre. Frank regjerer og herskar med dei merkelegaste verktøya».[2]

  1. Couture, F. (2011). «Zappa: The Yellow Shark - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 22. august 2014. 
  2. Waits, Tom (22. mars 2005). «It's perfect madness». The Guardian (London). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne