Thela Hun Ginjeet Singel av King Crimson frå albumet Discipline | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | September 1981 | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | progressiv rock | |
Lengd | 6:26 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp, Tony Levin | |
Produsent | King Crimson, Rhett Davies | |
King Crimson-kronologi | ||
«Elephant Talk» (1981) |
Thela Hun Ginjeet | «Heartbeat» (1982)
|
Thela Hun Ginjeet er ein song av bandet King Crimson som kom ut i 1981 på albumet Discipline. Songen vart òg gjeven ut som singel med «Elephant Talk» som B-side. Tittelen på songen er eit anagram av «heat in the jungle», som er ein referanse til kriminalitet i byen. Songen er skriven av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.
Medan dei fleste av instrumenta spelar i 4/4-takt, spelar Robert Fripp på elektrisk gitar i 7/8-takt i delar av songen, og skapar slik ein uvanleg effekt. I midten av songen kan ein høyre eit stemmeopptak. Dette er Adrian Belew som snakkar om ei oppleving då han vart plaga av rastafariar i London og politiet, medan han prøvde å få opptak til songen ute i gata.[1]
Det vart òg gjevne ut ein 12"-versjon av singelen med ein «dance mix» av songen, og songen «Indispline» i tillegg til «Elephant Talk».