Then He Kissed Me Singel av The Crystals frå albumet Philles Records Presents Today's Hits | ||
B-side |
«Brother Julius» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. juli 1963 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | London | |
Komponist | Jeff Barry, Ellie Greenwich, Phil Spector | |
Tekstforfattar | Jeff Barry, Ellie Greenwich, Phil Spector | |
Låtskrivar(ar) | Phil Spector, Ellie Greenwich, Jeff Barry | |
Produsent | Phil Spector | |
The Crystals-kronologi | ||
«Da Doo Ron Ron» (1963) |
Then He Kissed Me | «Little Boy» (1964)
|
«Then He Kissed Me» er ein song skriven av Phil Spector, Ellie Greenwich og Jeff Barry. Songen, som var produsert av Spector, vart først gjeven ut på singel på Philles Records i juli 1963 av The Crystals. Songen er forteljande om ei ung kvinne som møter, forelskar seg i og til slutt giftar eg med ein ung gut.
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 493. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen falle ut av lista.[1] Pitchfork sette songen på 18. plassen på si liste over dei 200 beste songane gjennom 1960-åra.[2] Billboard kåra songen til den åttande beste av dei 100 beste songane av ei jentegruppe.[3]