There Goes Rhymin' Simon Studioalbum av Paul Simon | ||
Utgjeve | 5. mai 1973 | |
Innspelt | 1972-1973, Muscle Shoals Sound Studio, Malaco Recording Studios i Jackson i Massachusetts Morgel Studios i London | |
Sjanger | Pop, softrock | |
Lengd | 35:19 | |
Selskap | Columbia, then Warner Bros. | |
Produsent | Paul Simon, Phil Ramone, Muscle Shoals Rhythm Section, Paul Samwell-Smith, Roy Halee | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Paul Simon-kronologi | ||
Paul Simon (1972) |
There Goes Rhymin' Simon | Paul Simon in Concert: Live Rhymin' (1974)
|
There Goes Rhymin' Simon er det tredje soloalbumet til Paul Simon og det andre etter brotet med Simon & Garfunkel. Albumet kom ut 5. mai 1973. Songane vart spelt inn i all hast og inneheld songar i forskjellige stilar og sjanger, som gospel og dixielandjazz. Albumet vart nominert til fleire prisar under Grammy-utdelinga i 1974, mellom andre for best mannlege popvokal og årets album. Albumet er rangert på 267. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Før albumet kom ut kom singelen «Kodachrome», som nådde andreplassen på den amerikanske singellista. Albumet vart ein større suksess i heimlandet enn forgjengaren og nådde andreplass på albumlista. I Storbritannia nådde albumet fjerdeplass og i Noreg ein sjetteplass.
Songen «Kodachrome» er kalla opp etter Kodak-filmen med same namn. Kodak kravde at albumet skulle merkast med at Kodachrome var eit varemerke frå Kodak. Songen vart ikkje gjeven ut som singel i Storbritannia, fordi han ikkje kunne spelast på BBC på grunn av det varemerkte namnet.