These Are the Days of Our Lives Singel av Queen frå albumet Innuendo | ||
B-side |
«Bijou» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. september 1991 (første gong)
9. desember 1991 (andre gong) | |
Innspelt | Mars 1989 – november 1990 i
Metropolis Studios (London i Storbritannia) Mountain Studios (Montreux i Sveits) | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:13 | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | Brian May, Roger Taylor, Freddie Mercury, John Deacon | |
Tekstforfattar | Brian May, Roger Taylor, Freddie Mercury, John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | Queen (Roger Taylor) | |
Produsent | Queen og David Richards | |
Queen-kronologi | ||
«I Can't Live with You» (1991) |
These Are the Days of Our Lives | «The Show Must Go On» (1991)
|
«These Are the Days of Our Lives» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1991 på albumet Innuendo. Sjølv om han er tilskriven heile bandet på plateomslaget, vart han i hovudsak skriven av trommeslagaren Roger Taylor.[1] Klaverinstrumenta vart programmerte av dei fire medlemmane i studio, og congaperkusjonen vart spelt inn av produsenten David Richards.
Songen vart gjeven ut på singel i USA på 45-årsdagen til Freddie Mercury, 5. september 1991, og som ei dobbel A-side i Storbritannia tre månader seinare den 9. desember, etter Mercury døydde, i lag med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk rett inn på toppen av singellista i Storbritannia og låg på toppen i fem veker, mellom anna den prestisjefylte juleveka.[2] Songen fekk ein BRIT Award for «Beste singel» i 1992.[3]
«These Are the Days of Our Lives» minnar om ein Queen-song med liknande tema frå 1975, «Love of My Life». Mot slutten av songen talar Mercury «I still love you», slik han ofte gjorde i konsertversjonane av «Love of My Life».[4]