Thomas More | |||
![]() | |||
Fødd | Thomas More 7. februar 1478 London | ||
---|---|---|---|
Død | 6. juli 1535 Tower Hill | ||
Tittel | Rikskanslar i Storbritannia, Member of the 1504 Parliament, kansler for Hertugdømmet Lancaster, Member of the 1510 Parliament, Member of the 1523 Parliament, Speaker of the House of Commons | ||
Gravstad | St Peter ad Vincula, St. Dunstan's, Canterbury, Chelsea Old Church | ||
Land | Kongeriket England | ||
Mor | Agnes Graunger | ||
Far | John More | ||
Ektefelle | Jane More, Alice More | ||
Barn | Margaret Roper, Elizabeth Dauncey (født More), Cecily Heron (født More), John More II, Margaret Clement |
Sir Thomas More (7. februar 1478–6. juli 1535), også kjend som heilage Thomas More, var ein engelsk advokat, forfattar og statsmann. Medan han levde hadde han omdøme som ein av dei leiande engelske humanistane og hadde mange offentlege embete, mellom anna stillinga som rikskanslar frå 1529 til 1532.[1] Han var også ven av Erasmus frå Rotterdam.
More skapte ordet «utopi», etter namnet «Utopia» som han gav til ein ideell, innbilt øynasjon med eit politisk system han skildra i ei bok utgjeven i 1516. Han er hovudsakleg hugsa for å nekte å akseptere kong Henrik VIII sitt krav å bli overhovud for kyrkja i England under reformasjonen, ei avgjerd som enda hans politiske liv og førte til avretting for forræderi på Tower Hill i London. Før han blei avretta sa han til tilskodarskaren at han døydde som «kongens gode tenar, men først og fremst Guds.»[2]