Thorvald Stoltenberg | |||
![]() | |||
Fødd | 8. juli 1931 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 2018 (87 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, diplomat, jurist | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Far | Emil Stoltenberg | ||
Ektefelle | Karin Stoltenberg | ||
Sambuar | Anja Breien | ||
Barn | Camilla Stoltenberg, Jens Stoltenberg, Nin Stoltenberg | ||
Alle verv |
|
Thorvald Stoltenberg (8. juli 1931–13. juli 2018)[1] var ein norsk diplomat og politikar frå Arbeidarpartiet. Han var utdanna jurist, og begynte i Utanriksdepartementet i 1958. Stoltenberg gjorde blant anna teneste i Jugoslavia og var sekretær for utanriksministeren frå 1965. Han var òg statssekretær i fleire arbeidarpartiregjeringar på 1970-talet.
Stoltenberg var forsvarsminister frå 1979 til 1981 og utanriksminister frå 1987 til 1989 og frå 1990 til 1993. I 1990 var han ei kort tid SN sin høgkommissær for flyktningar. Han var SN sin fredsmeklar på Balkan frå 1993 til 1996. Han var norsk ambassadør i Danmark frå 1996 til 1999. I 1999 vart han president for raudekrossen i Noreg.
Stoltenberg var russepresident i Oslo i 1950 og formann i Norsk Studentunion i 1958. Han vart tildelt Peer Gynt-prisen i 1990.