Thumrait | |||
by | |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
guvernement | Dhofar | ||
Koordinatar | 17°40′01″N 54°01′58″E / 17.66694°N 54.03278°E | ||
Thumrait 17°40′01″N 54°01′58″E / 17.666944°N 54.032778°E | |||
Kart som viser Thumrait.
| |||
Wikimedia Commons: Thumrait |
Thumrait er ein liten by i sør i Oman langs hovudvegen mellom Dhofar og resten av Oman. I oldtida var Thumrait ein viktig stad langs karavanerutene på Den arabiske halvøya. Tidlegare var dyrking av røykjelse viktig i Thumrait, men dette er det mindre av no. Hovudnæringa til innbyggjarane er dyrking av frukt, grønsaker og dyrefôr.
Det omanske luftforsvaret har ein stasjon i Thumrait. Opphavleg var det eit oljedepot for luftfarten i regionen. Stasjonen vart nytta av amerikanarar, britar og allierte under Golfkrigen og den globale krigen mot terror i Afghanistan.[1]