Thunder and Lightning av Thin Lizzy

Thunder and Lightning
Studioalbum av Thin Lizzy
Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1983
Innspelt Seint 1982
Studio Lombard Studios, Dublin, Ireland
Power Plant og Boathouse Studios, London, UK
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 40:36
Selskap Vertigo
Mercury (Canada)
Warner Bros. (USA)
Produsent Thin Lizzy and Chris Tsangarides
Thin Lizzy-kronologi 
Renegade
(1981)
Thunder and Lightning Life
(1983)


Thunder and Lightning er det tolvte og siste studioalbumet til det irske hardrockbandet Thin Lizzy, gjeve ut 4. mars 1983. Gitaristen John Sykes vart henta inn for å erstatte Snowy White etter Renegade frå 1981, og Sykes bidrog til å gi ein tyngre lyd og gitartone enn Thin Lizzy hadde brukt på tidlegare album. Mesteparten av låtskrivinga (bortsett frå «Cold Sweat») var likevel fullført før han vart med i bandet. Klaverspelaren Darren Wharton hadde òg ein sterkare musikalsk innverknad på det siste studioalbumet til Thin Lizzy, og var med på å skriva mange av låtane, inkludert «Some Day She Is Going to Hit Back», og den siste singelen «The Sun Goes Down». Ein avskjedsturné følgde utgivinga av albumet, etterfølgd av livealbumet Life. Medgrunnleggjaren, frontmannen og bassisten i gruppa Phil Lynott døydde i 1986.

  1. «Thin Lizzy – Looking Back at 1983's Thunder and Lightning, the End of an Era!». ZRockR Magazine. 22. september 2016. Henta 7. august 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne