Tiber | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 17 375 km² | ||
Renn gjennom | Roma | ||
Lengd | 406 km | ||
Middelvassføring | Ved Roma: 267 m³/s | ||
Kjelde | Fumaiolo i Appenninane | ||
• høgd | 1 268 moh. | ||
Munning | Tyrrenhavet | ||
![]() Tiber 43°47′13″N 12°04′40″E / 43.786916666667°N 12.077666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tiber |
Tiber (italiensk Tevere, latin Tiberis) er den tredje lengste elva i Italia med ei lengd på 406 km. Elva spring ut frå Fumaiolo i Appenninane i Toscana og renn gjennom Umbria og Lazio til Tyrrenhavet. Ho har eit nedslagsfelt på 17 375 km². Elva er mest kjend for å renne gjennom Roma, som vart grunnlagd på austsida av elva.
Fleire gamle bruer frå romartida kryssar elva, som Milvianbrua og Ponte Sant'Angelo.