Tigrinja ትግርኛ tigriññā | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Semittisk Sørsemittisk Etiopisk Nordetiopisk Tigrinja | |
Bruk | ||
Tala i | Eritrea Etiopia | |
Tigrinjatalande i alt | 4 450 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ti | |
ISO 639-2 | tir | |
ISO 639-3 | tir | |
Wikipedia på tigrinja |
Tigrinja er eit semittisk språk som blir snakka av rundt 4,5 millionar menneske i Eritrea og Etiopia. Det er offisielt språk i Eritrea og i Tigray-regionen i Etiopia. Språket er også brukt av folk som har utvandra frå desse stadene, mellom anna av ein del etiopiske jødar i Israel.
Tigrinja og det nærskylde språket tigré stammar frå det gammaletiopiske språket geez. Dette språket, som framleis blir brukt som kyrkjespråk i den etiopiske kyrkja, var lenge skriftspråket i Etiopia. Tigrinja blir i dag skrive med geez-skrift, og har mange lånord frå geez. Det eldste skriftlege tigrinjamaterialet ein kjenner stammar frå 1200-talet, og var ein lovtekst som blei funnen i Logosarda i Debub-regionen av Eritrea.[2]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UCLA