Tin Machine Live: Oy Vey, Baby Konsertalbum av Tin Machine | ||
Utgjeve | 2. juli 1992 | |
Innspelt | 20. november 1991 til 11. november 1992 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 49:17 | |
Selskap | London | |
Produsent | Reeves Gabrels, Max Bisgrove, Tom Dubé, Dave Bianco, David Bowie | |
Tin Machine-kronologi | ||
---|---|---|
Tin Machine II (1991) |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 (2019) |
David Bowie-kronologi | ||
Tin Machine II (1991) |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Black Tie White Noise (1993)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby er eit konsertalbum og ein konsertvideo av det engelsk-amerikanske rockebandet Tin Machine, opphavleg gjeven ut på London Records i 1992.
Albumet inneheld songar spelte inn mellom 20. november 1991 og 11. februar 1992 frå fem ulike spelestader på den nordamerikanske og asiatiske delen av It's My Life-turneen. Konsertvideoen er ein enkelt konsert hovudsakleg frå The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991.
Albumet fekk stort sett negativ kritikk og vart det første albumet med Bowie sidan debutalbumet frå 1967 som ikkje gjekk inn på albumlista i Storbritannia.
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby var det siste albumet til Tin Machine før dei var toppløyste.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AMG