Ting

Tinget i Rogaland. Teikning av Halfdan Egedius til Heimskringla.
Lovseiemann på AlltingetTingvellirIsland.
Kong Olav talar til bøndene på tinget ved Hundorp. Teikning av Halfdan Egedius til Heimskringla.
Tusenårsstaden Gulatinget - Bård Breiviks installasjon på Flolid i Gulen

Ting (av norrønt þing) var i norrøn tid ei dømande forsamling som òg kunne fungera som ei lovgjevande forsamling. Før lovane vart skrivne ned, la ein lovseiemann fram den munnleg overleverte rettskunna. Dei norrøne tinga har vorte skildra som ein tidleg versjon av demokrati då dei vart oppretta som eit tidleg forsøk på å introdusere eit representativt system der tvistar kunne gjerast opp i eit nøytralt forum og på ein ikkje-valdeleg måte, heller enn via blodhemn. Tinget samla seg på ein særskild tingstad, som gjerne kunne vera ein haug.

Ordet lever vidare i politiske forsamlingar som allting, storting, folketing, sameting, odelsting, lagting og landsting, og i domstolar som tingretten, Borgarting, Eidsivating, Frostating og Gulating.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne