Tippeligaen 2009 | |
---|---|
Avdelingar: | 1 |
Lag: | 16 |
Opprykk til: | øvste nivå |
Nedrykk til: | 1. divisjon 2010 |
Statistikk | |
Kamper: | 240 |
Mål: | 697 |
Mål per kamp: | 2,90 |
Toppskårar: | ![]() |
Andre ligaer | |
Nivå 1: | Tippeligaen 2009 |
Nivå 2: | 1. divisjon fotball for herrar 2009 |
Nivå 3: | 2. divisjon fotball for herrar 2009 |
Nivå 4: | 3. divisjon fotball for herrar 2009 |
Nivå 5: | 4. divisjon fotball for herrar 2009 |
Nivå 6: | 5. divisjon fotball for herrar 2009 |
Nivå 7: | 6. divisjon fotball for herrar 2009 |
Sesongar | |
← 2008 | 2010 → |
Tippeligaen 2009 var den 19. sesongen av den norske eliteserien i fotball som gjekk under namnet Tippeligaen, og den første sesongen med 16 deltakande lag. På grunn av utvidinga av Tippeligaen hadde ein heile tre lag som rykte direkte opp til 2009-sesongen. Desse laga var Odd Grenland, Sandefjord og Start.[1] Regjerande meister var Stabæk.
Rosenborg avgjorde serien i den 26. eliteserierunden, borte mot Molde. Dei vann kampen 0–2 på Aker Stadion, og tok sitt 21. seriegull.[2] Bodø/Glimt, Fredrikstad og Lyn rykte ned frå eliteserien dette året.[1]
Sesongen starta 14. mars 2009, og det vart spelt to serierundar før landskampane 28. mars og 1. april. Siste serierunde vart spelt 1. november 2009. Dette var den første sesongen i norsk eliteserie med over to millionar tilskodarar totalt.